Bleie Gard – Alde Sider
I Hardanger finner du Bleie Gard, drevet av Olav Bleie.
Olav sier: Når dagane vert korte og gulskjæret kjem i lia, er epla klare til hausting. Her på garden har eg Gravenstein, Discovery og Aroma. Desse sortane passar ypperleg til sider og bidreg kvar med sin eigenart. Eg plukkar dei varleg ned når dei er søte nok og pressar dei til eplemost. Mosten fyller eg i store ståltankar i lag med ein tanke sukker og gjær. Når gjæringa har kome godt i gang set eg temperaturen ned og ventar spent i nokre månadar. Slik får sideren utvikla seg sakte men sikkert, medan den held på den friske eplearomaen. Til våren når alle sidertankane er utgjæra kallar eg saman gode vener med gode ganar og me smakar oss fram til ei blanding som er balansert mellom syre og sødme, fruktigheit og frisk ange. Eg tilset litt kolsyre for å få den perlande og tappar så på flasker og fat.