Grønvik Gard

Grønvik Gard

Grønvik Gard er ein økologisk og prisvinnande fruktgard i det frodigaste av Ryfylke, i ei vestvendt og grønnkledd li ved den gnistrande Fisterfjorden i Hjelmeland. Garden vart godkjend som økologisk fruktgard i 2008. Overgangen var eit arbeidskrevende og ambisiøst val, men me hadde lyst til å prøva og sjå. Det var avgjerande at det i desse tider kom ein rekke nye eplesortar som me visste egna seg for økologisk dyrkning, samt at me var sikre på å inneha kunnskapen om korleis å dyrka så gode og økologiske epler som mogleg.

Å gå over til å driva økologiske har vore eit viktig val for oss. Det er fordi me har eit brennande ynskje om å tilby folket ein hundre prosent reinpressa, frisk og naturleg eplemost, alltid utan tilsetjing av noko slag.

Grønvik Gard logo
Grønvik Gard er tilgjengelig her:
klikk for kontaktinfo