Homlagarden

Homlagarden

Homlagarden har som første fjørfeprodusent i landet sine eigne økologiske kyllingforeldredyr. På denne måten kan me sjølv velje våre fine brune og svarte kyllingar.

Kyllingane er av rase ¨Red Jack¨ og er riktig seintvaksande. Eggene vert klekt i eige klekkeri og kyllingane får økologisk oppvekst frå fyrste dag. Grunnen til at me ynskjer oss kalkun og kylling av seintvaksande raser er dyrevelferd og kvalitet på kjøttet. Fuglane veks i eit naturleg tempo og utviklar ein sterk og frisk beinstruktur, muskulatur og indre organ. Fuglane beveger seg raskt og er glad for å kome ut på beite. Kjøttet av desse fuglane har smak, farge og konsistens av beste kvalitet! Med sin lidenskap for fugl og mange års erfaring og kunnskap om kalkun og kylling har Bjørn Brynjolf Pedersen bygd opp Økodrift Homlagarden AS. I dag har bedrifta ein årleg produksjon av økologiske kalkun og kylling på fleire bruk i Hardanger og Hordaland. Eit innovativt driftssamarbeid som skapar økologisk verksemd i regionen.

Homlagarden logo
Homlagarden er tilgjengelig her:
klikk for kontaktinfo